Landskap, vegetasjon og menneske gjennom 400 år: naturmiljø, arealbruk, sli…

Landskap, vegetasjon og menneske gjennom 400 år

  • 300,00 kr
  • Spar 229 kr


Landskap, vegetasjon og menneske gjennom 400 år: naturmiljø, arealbruk, sli…. Historisk kjeldemateriale kan supplere økologiske studiar av miljøendring. Eit hovudtema i denne boka er korleis ulike typar arealbruk i fortid og notid påverkar naturmiljø og landskap. Boka avsluttar med ei drøfting av korleis natur i endring kan forvaltast i dag og i framtida. Den metodiske tilnærminga er ein kombinasjon av historisk-geografiske og vegetasjonsøkologiske kjelder og metodar. Den lange tidsperioden som blir analysert, avdekkjer langsiktige utviklingstrekk, noko som ofte er nødvendig for å forstå dagens miljøtilstand. Boka analyserer i detalj korleis fortidige hendingar, prosessar og miljøtilhøve har utvikla seg i studieområdet Hystadmarkjo på Stord dei siste 400 åra, og korleis dette har påverka landskap og skog. Analysen går føre seg både på populasjonsnivå og på landskapsnivå, og kombinasjonen av ulike kjelder og metodar har fått fram originale resultat. Dette er ikkje berre ei bok om Hystadmarkjo, men ei bok for alle som er interesserte i tilhøvet mellom menneske og naturen, dei historiske kjeldene som kan nyttast i studiet av natur og landskap, og i forvaltninga av norsk natur. Anders Lundberg er professor i geografi ved Universitetet i Bergen. Forskingsinteressene hans er kulturlandskap, historisk geografi, miljø og utvikling, vegetasjonsøkologi, plantegeografi, biologisk mangfald, kvantitative metodar, kartografi og GIS.

Forfattere: Anders Lundberg Utgave: 1 utg.
Språk: Norsk (Nynorsk) Sidetall: 251
ISBN: 9788245002447 Vekt: 512 g
Forlag: Fagbokforlaget Innbinding: Heftet
Utgitt: 2005 Veil. pris: 529 kr